Sparebank1 cup Simostranda

Postet av Ål Skiskyttarlag-Skiskyting den 14. Jan 2019

Sparebank1 cup vart arrangert i flott vinterver på Simostranda i helga. Det var mange frå Ål skiskyttarlag med gode resultat. På sprinten laurdag, vann Tonje Tveito J15, Gro vart nr 3 og Ida nr 5 i J16, Narve nr 2 i G15, berre 7 sekund bak vinnaren og Vilde Hagen Friis vann kvinner 20 år og eldre med 9 treff. På laurdag var det også med to nybyrjarar, Aksel og Brede Tretterud. Flott innsats av båe to.

På normal sundag, på sin 16-årsdag, klarte både Ida og Marie å fylle alle blinkane. Ida vart nr 2 og Marie kom på ein flott 5.plass. Vi gratulerer båe med flotte resultat og ikkje minst 16-årsdagen. Hipp,hipp hurra! Gro vart nr 4 i same klasse. I J13 vart Guro nr 2 og Kristin nr 3. Torjus fekk ein flott 4.plass i klasse G14 medan Tord tok 6.plassen. Narve vart nr 4 i G15.

Vi gratulerer alle frå Ål skiskyttarlag med flott innsats.

Flotte forhold på Simostranda i helga


Kristin, Guri, Elin og Tonje, sistnevnte med seier på sprinten laurdag. Kjempebra, Tonje!



Guro fekk 2.plass og Kristin 3.plass på normaldistansen J13 sundag. Gratulerer med flott innsats!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.