Innlevering av våpen

Postet av Ål Skiskytterlag den 26. Aug 2015




Alle som har lånegevær frå Ål SSL må levere inn dette.
Innlevering blir måndag 31. august kl 18 på Liatoppen

Alternativt kan de levere til:

Halvor 930 04 661
Helge 905 70 665
Magnus 905 26 422

Geværet må leveast til ein av desse før måndag kl 18.

Alle gevær skal leverast ferdig pussa.
Grunnen til at alle våpen må innleverast, er at dei no skal merkast og få ein eigen plass i nytt våpenrom.

Tysdag 8. september, mellom kl 20-21
blir det utlevering av våpen til dei som ynskjer å ha våpna heime og/eller skal på Vik-samlinga.

Det vil også bli utlevering av skot. Me ber om at alle henter dei skota dei treng fram til jul. Alle frå og med 11 årsklassen får 1000 skot frå Ål ssl kvar sesong. Resten av ammunisjonen kan kjøpast frå Ål ssl om ynskjeleg. Me har no berre SK22 Standard for slag, ca. 0,80 kr pr skot.

Det vil ikkje bli utlevert skot på treningane, bortsett frå til dei som er 10 år og yngre. Dei får alle skot frå Ål ssl.

Me må vurdere på måndag kor mykje skot me kan selja til kvar enkelt, men me bestiller snart opp at nytt parti.

Dei som treng våpen på tysdag må si fra, så tek me deimed ned.

Styret.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc